Foto: Fitjar Høgre

Debatt: Det er snart kommuneval og dei ulike partia argumenterer for sin politikk og sine saker. Fitjar Høgre går til val på å redusera, og på sikt fjerna, eigedomsskatten.

Av: Fitjar Høgre

Ved valet for 12 år sidan gjekk Krf og Høgre saman og skreiv ein politisk og valteknisk avtale. Avtalen gjekk ut på at Krf fekk ordførarvervet og Høgre varaordførarvervet. Det blei m.a. slått fast i avtalen at det ikkje skulle innførast eigedomsskatt i kommunen for den gjeldande perioden. Det tok ikkje lang tid før Krf braut avtalen med Høgre og eigedomsskatt blei innført mot Høgre sine stemmer.

Fitjar Høgre har hatt ordførarvervet dei siste åtte åra. Målet har vore å redusera og på sikt å fjerna eigedomsskatten. Me har klart å redusera den frå 3,5 promille til 2,5 promille. Samstundes har Fitjar Høgre fått fleirtal for utviding av halv eigedomsskatt for nye bustader frå 5 til 10 år.

Ved budsjetthandsaminga i 2019 kom Krf, Sp og Frp med framlegg om å auka eigedomsskatten i Fitjar med omlag 8 millionar for den neste fireårsperioden. Dette ville ført til at innbyggjarane i Fitjar ville fått ei nær dobling av eigedomsskatten. Fitjar Høgre fekk fleirtal for å hindra denne auken.

Det har og vore framlegg frå administrasjonen om re-taksering med det som føremål å auka grunnlaget for eigedomsskatt i kommunen. Dette ville utgjort ein auke på omlag 1 promille. Framlegget opna også for skattlegging av ubygde tomtar. Dette framlegget fekk Fitjar Høgre fleirtal for å stoppa.

Krf har programfesta at dei kommunale avgiftene og gebyra ikkje skal vera høgare enn i nabokommunane, dette vil bety ein stor auke for Fitjar. Sp har stadfesta at dei skal ta inn noko eigedomsskatt og muntleg sagt at dei er villig til å auke den. Slik vil eit godt val og ein ordførar frå eit av desse partia gje ein stor auke i eigedomsskatten, opp til eit nivå som vil merkast økonomisk for dei fleste, og særskilt for dei med stram økonomi frå før.

Me er redd for at dette vil redusera den gode aktiviteten og utviklinga me har i kommunen i dag. Me opplever at unge personar flyttar til Fitjar og buset seg i kommunen. Spesielt ser me dette i Rossnesfeltet, men også andre delar av kommunen.

Fitjar Høgre er ein garantist for at eigedomsskatten ikkje aukar men tvert imot blir redusert og på sikt fjerna. Dette har me vist gjennom god økonomisk styring dei siste åra og med gode kommunale tenester.

Me vil ynskja alle eit godt val og oppmodar flest mogleg til å stemma Høgre ved kommunevalet i Fitjar.

Les ogso: Senterpartiet svarar.

Framstegspartiet svarar.