Ordførarkandidat for Høgre, Wenche Tislevoll, svarer nedanfor på lesarbrev frå ordførar Harald Rydland.

I Fitjar blei generell eigedomsskatt innført for 2009, med fleirtal i kommunestyret mot H, V og Frp. Høgre hadde i denne samanheng eit alternativt ansvarleg budsjett utan eigedomsskatt. Sidan den tid har me arbeida med å fjerna eigedomsskatten.

Fitjar Kommune har i dag generell eigedomsskatt (bustad, fritidsbolig, naust) på 3,5 ¨/. , på verk, bruk og næringseigedomar 6 ¨/.

Eit eksempel på kva dette kostar;

Eit hus med grunnflate 120 m2 og loft og garasje  – ca. kr. 5.000,-  i året.

Ei hytte ved sjøen på ca. 100 m2 – ca. kr. 6.000,-  i året.

Dette kan doblast til maks  7 ¨/.

dvs – eit ”vanleg” hus kr. 10.000,-  Ei ”vanleg” hytte kr. 12.000,-.

Fitjar Høgre vil fjerna eigedomsskatten i løpet av perioden.  KORLEIS ?

Fitjar slit med å få fleire innbyggjarar i kommunen, i år har vi hatt ei negativ folketalsutvikling, snur me denne trenden vil overføringane frå staten auka.

Å fjerna eigedomsskatten vil bidra positivt.

Hyttefolket er med på å skapa aktivitet og er VIKTIGE bidragsytarar til næringslivet og handelsnæringa. Det er viktig at fleire ynskjer å byggja hytte nettopp på Fitjar. Eigedomsskatten er negativ i så måte.

Me treng kvar ein arbeidsplass og kvar ei servicebedrift me har på Fitjar.  Då må me leggja til rette for dette og gje gode vilkår for vidare drift.  Skatteinngangen er viktig for kommunen og med på å auka inntektene. Derfor er det særs viktig at eigedomsskatten blir fjerna.

”Lita tue kan velta stort lass”

Fitjar Høgre vil ha eit sterkt fokus på ressursbruken, på korleis ein administrerer kommunen og dens oppgåver. Me må sjå på korleis ein kan driva meir effektivt, få meir utav kvar krone og likevel ha minst like gode tenester. Me vil også opna for meir konkurranseutsetjing der dette er høveleg.

Den lettvinte løysinga er å behalda eigedomsskatten og auka den når behovet er der. ”Dess meir ein har, dess meir brukar ein”

Alt ligg til rette for at me kan få med oss andre parti på dette og viser til partiprogramma der Frp vil fjerna eigedomsskatten, SP og Ap vil øyremerkja den til ny skuleutbygging i Rimbareidkrinsen. Minnes også at Ap ved innføringa av eigedomsskatten stadfesta at dei ville fjerna skatten når kommunen fekk  inntekter frå vindmølleparken.

Som kjent så blei det gjort vedtak om oppstart vindmøllepark sist fredag, 02.09. Og då me i tillegg veit at det er politisk vedtatt at inntektene frå vindmøllene skal øyremerkjast skuleutbygging på Rimbareid, ligg alt til rette for eit politisk fleirtal for å redusera og fjerna skatten.

Utifrå ovannevnte er skuleutbygginga på Rimbareid også i gode hender.

Me i Høgre kan beroliga KRF v/ordføraren om at Fitjarbuen skal vera i trygge hender med Høgre ved roret. Målet er å fjerna eigedomsskatten, noko me meinar lar seg gjera, men først og fremst SKAL primæroppgåvene vera sikra. Innbyggjarane i Fitjar Kommune skal ha gode kommunale tenester, ein trygg og god oppvekst og ein verdig og god alderdom, med høg kvalitet. Samtidig som kommuneøkonomien skal vera tilfredsstillande.

På tirsdag er det for seint – STEM HØGRE på mandag.

Med ynskje om eit godt VAL –

Wenche Tislevoll

Ordførarkandidat Fitjar Høgre

Lesarbrevet Eigedomsskatt, ein nødvendig uting av ordførarkandidat for Fitjar KrF, Harald Rydland, finn du her.