Ordførar Harald Rydland melder med glede at dei ikkje er registrert nye smittetilfeller av Covid-19 i Fitjar den siste veka.

– Kommunen si kriseleiing vil takka for at det vert drive godt smittevern på alle plan i bygda vår.  Me ser at det gode arbeidet gjev resultat, og oppmodar difor alle til å vera like flinke framover.  

Rydland kan vidare fortelja at smittevernlegen i Fitjar har fatta nytt vedtak etter smittevernslova i dag. Desse tek til 23.november, same dag som vedtaket frå 9.november tek slutt.

Ordføraren fortel av vedtaket er gjeldande i 2 veker, og desse reglane skal følgjast:

  • Det vert forbod mot alle offentlege arrangement med over 50 deltakarar
  • Treningssenter skal ha to meter avstand mellom brukarane.
  • Fitjar vidaregåande skule skal gå til gult smittvernnivå frå måndag 23.11.20
  • Besøkande på sjukeheimen (FBB) skal bruka munnbind og to meter avstand til andre (maks. ein person om gongen)
  • Bassenget på Rimbareid skule vert opna for offentleg bading.  Skulesymjing vil og gå som normalt.

Kommunen opprettheld smittvernvedtaket om karantene i 10 dagar for tilsette i helsetenesta og for barn i barnehage og skulen som har vore i utlandet.