Kor var du då Neserevyen gjekk av stabelen?

 

Finst det noko fornuftig å seia om Neserevyen? Ikkje spesielt mykje. Det var aldri snakk om at dette ville bli ei straumlinjeforma framsyning, men det gjorde ingenting. Opplevinga var nok i seg sjølv.

 

Sjølve ideen med å ha ein revy i Nesevågen, er dristig nok, men å gjennomføra høyrer ikkje heime nokon plass. Dersom du då ikkje heiter Skumsnes, verkar det som.

 

Eg vågar påstanden at det har ikkje vore så mange nyfikne folk i Osterneset sidan krigen, då tyskarane kom for å sjå kva dette var for plass. 390 billettar var selde, og det såg ut for at alle som hadde billett var komne for å sjå kva dette var for tilstelling, trass trugande vêr.

 

Publikumsoppmøtet var imponerande, spesielt med tanke på at dei færraste hadde nokon idé om kva dei hadde i vente. Foto: Arne Vestbøstad

 

Det var eit velvillig publikum, viste det seg. Ein solo på rytme-egg har neppe fått slik respons før, som då Kristian Skumsnes varsamt rista laus. Når det er sagt, var songnummera det som kom dårlegast ut. Teksten drukna litt, så songane om ordførar Wenche Tislevoll og rådmann Atle Tornes fall litt gjennom. Fleire gongar kom duoen ut av songane, utan at det plaga publikum. Kristian Skumsnes og John Arvid Skumsnes er så lite sjølvhøgtidelege og lette i replikken at dei feilskjæra som kom, galant vart glatta over. Målet må ha vore å underhalda, og det gjorde dei til gangs.

 

Karane skal ha ros for at dei var svært reinhårige i humoren, sjølv om det såg spøkje ut då John Arvid viste fram det han hevda var dobbelsidig navlebrokk som møtte dobbel lyskebrokk, og ikkje tilfelle av feilernæring. Dei skal også ha ros for å henta inn litt ekstern kvalitet i form av Irene Simonsen på piano, og Inger Muri Slettebø som dansar.

 

Lite gravalvor å spora då Kristian Skumsnes var ein avskjegga Oddgeir Bruaset, som fortalte om Arne Myren. Foto: Arne Vestbøstad

 

Etter revy og basar verka det som dei fleste vendte nasen heimatt med ei god kjensle. Det skal seiast, at sjølv om det aula med folk i Nesevågen, og det tok si tid å få skyssa alle til og frå, gjekk alt stille og roleg føre seg. Sjølv om det var nokre som merka på sjøgangen medan dei venta på båten tilbake.

 

Ingressbilete: Å by på seg sjølv er absolutt eit pluss når du skal underhalda, og det gjorde Kristian og John Arvid til gangs. Her i fysisk utfalding saman med Inger Muri Slettebø. Foto: Arne Vestbøstad