Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Kommunestyret vart einige om å fjerna punktet om at fortetting i dagens regulerte område for Midtfjellet Vindpark kunne vurderast.

Kommunestyre behandla på førre møte Fitjar kommune sitt høyringssvar til NVE sitt framlegg til nasjonal ramme for vindkraft.

Saka var først oppe i formannskapet, der ein hadde ein brei diskusjon om kva som  kva som var relevant for NVE å få vita i frå Fitjar kommune. Etterpå kokte internett over at formannskapet ikkje utelukka fortetting i dagen regulerte område.

Tre ugilde

Når saka var oppe i kommunestyret vart leiar i Fitjar fjellsameige Harald Rydland(KrF), grunneigar Karen Elisabet Rydland Sæbø (Sp) og styreleiar i Midtfjellet vindkraft Agnar Aarskog (Ap) erklært ugilde. Inn kom Rune Helland (KrF) og Lisa Instefjord Gilje (Sp). Det møtte ikkje vara for AP.

– Representanten Vigdis Røen Leirvik (AP) la føre framlegg om å stryka punkt 6 i uttalen i tilrådinga frå formannskapet. Representantane Bård Inge Sørfonn (KRF), Lisa Instefjord Gilje (SP) og Arne Prestbø (H) slutta seg til framlegget frå AP, fortel protokollen frå møtet.

Ved røysting vart tilrådinga frå formannskapet sett opp mot endringsforslag om å stryka pkt. 6. Endringsforslaget fekk 16 røyster, tilrådinga frå formannskapet fekk 0 røyster og fall.

Fitjar kommune sitt høyringssvar til NVE sitt framlegg til nasjonal ramme for vindkraft vert difor:

  1. Fitjar kommune meiner at dei internasjonale klimautfordringane er så omfattande at Noreg må nytta sine fornybare energifortrinn som hav, vatn og vind, for å klare overgangen til lågutsleppsamfunnet. Overgangen til fornybare energikjelder vil krevja konvensjonelle utbyggingar som kan vere konfliktfylte i høve ulike omsyn. Parallelt med dette må vi byggje ut anlegg for å utvikle ny teknologi for framtidige løysingar, t.d. havvindmøller. Fitjar kommune vil både som tenesteleverandør og som samfunnsutviklar ta eit klart og konkret framtidsretta klimaansvar.
  2. Fitjar kommune meiner at «nasjonal ramme for vindkraft» gjev eit god fagleg grunnlag og prioriteringsstøtte for vurdering av vidare utbygging av vindkraft på land i Noreg, men i tråd med FN sin rapport om naturmangfald og arealbruk må urørt natur, og natur som regionalt viktig friluftsområde i tråd med folkehelselova, vektast mykje sterkare i utgreiingane.
  3. Fitjar kommune meiner at kommunestyra sine vedtak som høyringsinstans må tilleggjast svært stor vekt, og berre der det er konkrete nasjonale interesser som må ivaretakast, bør ein kunne vurdere å fråvike kommunestyrevedtaka.
  4. Lokalsamfunna og vertskommunane som gjev frå seg naturressursar og areal, må sikrast sin del av verdiskapinga av vindkraft, og teknologinøytral skattelegging må innførast straks for etablert og ny utbygging av vindparkar.
  5. Fitjar, og slik Stordøya, har Hordaland sin einaste vindpark med 55 vindturbinar i Midtfjellet Vindpark. Ei større utbygging i Grønafjellet eller andre stadar på Stordøya må avvisast då resten av fjellet må oppretthaldast som urørt natur – for folkehelse, naturmangfald og attraktivitet
- Annonse -