Engesund byr på spennande utstilling.

Visningssenteret til Engesund Fiskeoppdrett hadde ein rekordsommar i fjor, med nær 300 gjester innom berre i juli! No er dei klar for ein ny sommar, og i år har dei gjort det enno kjekkare for dei minste å koma på besøk.

På visningssenteret får ein høyra om utfordringane innan lakseoppdrett, og læra om fisken si reise frå rogn til matbordet ditt. I år er utstillinga heilt fornya, og store og små skal få læra om fiskeoppdrett på ein kjekk måte.

– Det vert fleire videosnuttar, og me har laga ein modell av eit oppdrettsanlegg slik at ein enklare kan læra om korleis eit anlegg fungerer. Det mest spennande er nok at me har fått oss eit dataspel der ein skyt lakselus. Spelet skal vera mogleg å spela for ungar i alle aldrar, ja dei vaksne skal få lov til å prøva dei ogso, ler visningsansvarleg Lisa Instefjord Gilje.

Ho fortel at i sommar er det laks i merdane ved visningssenteret, og born vil få moglegheita til å mata desse.

– Born som kjem på besøk vil få tildelt ein liten pose med for dei kan gje til fiskane. Dei får ogso eit lærerikt hefte som dei får ta med seg heim. Eg kan røpa at me har fått oss vår heilt eigen maskot, noko eg trur ungane vil finna morosamt, seier Instefjord Gilje.

Mykje kjekt å sjå for store og små.

Varme og kalde rettar

På visningssenteret kan ein ikkje berre få seg ny kunnskap, eit betre måltid ventar alltid på deg i kafeen.

– Som småbarnsmor sjølv veit eg at so lenge ungane har det kjekt og eg får ein kopp kaffi, so er livet bra. Difor har me har investert i kaffimaskin og is-maskin, fortel Lisa Instefjord Gilje.

– I tillegg har me fortsatt mange gode fiskerettar på menyen, so her vert det gode moglegheiter til å la dei minste smaka gode smakar av laks. Kanskje ein laksewrap kan overtyda dei minste om at fisk ikkje er so skummelt som mange trur, spør Instefjord Gilje.

– I år tilrår me å bestilla bord på førehand grunna korona-situasjonen. Ein kan sitja fem personar ved eit bord.

Engesund Fiskeoppdrett.

Opplev øyane

Frå 20.juni til 16.august vert det faste avgangar til visningssenteret kl. 11.00, 15.00 og 18.00 frå Fitjarsjøen 2; Engesund sitt hovudkontor/turistinformasjonen på Fitjar. Dei raske båtane til Engesund fiskeoppdrett vil få det til å kribla i magen medan ein flyr lett over sjøen utover mot den spesialbygde visningsflåten rett nord for øya Engesund. (Siste avgang kan ikkje kombinerast med kafebesøk).

– Om du vil koma med eigen båt er det ope på visningssenteret frå kl. 11 .00 til 19.00. Om det er fullt inne i kafeen vert det mogleg med båtservering, eller «sail-away» som me kallar det, ler Instefjord Gilje.

Ho håpar på flott sommarver og inviterer alle til å ta seg ein tur til visningssenteret i sommar.

– I år må ein droppa sydenturen, men om veret slår til vil ein kunna sjå at Fitjarøyane er vel so fine, om ikkje finare. Her er det mange skjulte perler, og om du treng hjelp til å finna dei kan me koma med gode tips, avsluttar Instefjord Gilje.