-Eg skulle hente heim noko tørr ved ved sida av vegen ut mot Kråko. Då såg at det blant vedkubbane låg eit reir med nyklekka fuglungar, skriv Rasmus Fitjar som òg har teke biletet ovanfor.

Og Rasmus fortset:

– På ein stein like ved sat mora, ei linerle og kvitra sårt. Eg la forsiktig ein kubbe over dei og gjekk bort.

Seinare fylgde eg med fuglungane. Eg såg at det gjekk fint, og dei voks fort.

Bilete ovanfor vart teke 8.7.2015.

I dag 10.7. var reiret tomt.