To skjorungar og eit piggsvin – og ei aldri så lita historie. Bilete: Piggsvinet etter hendinga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det heile var dessverre over før me fekk klartgjort kameraet. Men det var heilt tydeleg at dei to skjorungane erta piggsvinet medan det tok seg over vegen i Fitjarstølane tidlegare i dag.

Skjorungane flagra rundt det, pikka og nappa, og piggsvinet stoppa opp fleire gonger før det hadde kryssa vegen.

Over vegen og inne i ein hage gav plageåndene seg. Så noko bilete av sjølve hendinga fekk me altså ikkje.

Men eit bilete av piggsvinet fekk me no med oss, sjølv om me syntest det var dumt at me ikkje kom tidsnok i posisjon til å filme det som skjedde.