Kunstutstillinga i øyane er vel verdt å sjå. Noko er genialt, noko er vakkert, noko er talande og noko må me innrømme at me ikkje forstår oss heilt på. Ein ting er i alle fall sikkert. Du vil sjå mykje du aldri har sett før.

Me var runden i går ettermiddag. Fekk med oss installasjonane både på Smedholmen og øyane/holmane omkring. 

På Pilholmen har Joanna Malinkowska designa og fått laga og montert ein heilt spesiell lur. Denne stod barytonsongaren Nils Eirik Steinsbø og song igjennom ikledd kjole og kvitt. For det meste Schubert. Me fekk med oss både «Der Lindenbaum» òg, etter ønskje «Die Forelle». Nydeleg vakkert var det. 

Midt i bergveggen på Smedholmen sat Tori Wrånes på eit stupebrett og «fiska». Nede i vatnet var det montert noko som gjorde at det bobla litt der snøret nådde vatnet. Artig – og rapportane seier at ho òg gjorde andre performanceting i tilknyting til stupebrettet som ein fjellklatrar i gruppa hadde montert.

Serina Erfjord hadde stasjon inne på Smedholmen. Her hadde ho ein del installasjonar som me syntest var beint fram geniale. I den eine av dei låg eit stykke armeringsjern og slo mot ein stein, utan at me kunne forstå kvifor. Ikkje nokon leidningar eller anna elektrisk var synleg. Erfjord hadde heller ikkje lyst til å røpa akkurat korleis ho hadde fått det til. – Men eg jobbar med rørsle til vanleg, og det har med magnetar å gjere, sa ho. Fascinerande.

Fascinerande var også lydopplegget til Five o`clock shadows, laga av Jørund Fjøsne, Helge Haaland og Leif Hedman. Ein installasjon som mellom anna har vore nemt i Nrk. Likeiens likte me  lydopplegget til kunstnaren Marla Hlady. Begge desse installasjonane fann me på sjølve Smedholmen. I den sistnemnde installasjonen sat ei ung dame og snurra ei sak over hovudet for å laga lyd, og ein ung mann sat ved sida av og spelte med fiolinboge på ein gitar. Heilt spesielle lydar som vart forsterka gjennom høgtalarar som var sett ut i sjøen. Nokon syntest at lydane var så spesielle at dei sette seg, eller la seg, på bakken for å la seg stressa seg av dei.

Talande var hovuda til Mercedes Mühleisen på Kultebleikje II. Her ser me store armar som vil fanga stikke ut av auga på skulpturane, og Roman Signer sin skulptur ved eit skjer ved Stora Eldøy er mest filosofisk, eller kanskje religiøs? Han syner ein stige som går opp frå ei tønne. På øvste trinnet står det eit par tomme støvlar, som om ein person har klarta opp og blitt løfta opp av, eller hoppa ut av støvlane, utan at nokon veit kvar det vart av han.

Når det gjeld gruppa aiPotu si utstilling på Kultebleikje I, der dei har lagt ei gran over ein holme, må me ta i bruk omgrepet at «kunst er å plassera ein ting over i eit heilt nytt element eller i ein ny samanheng» for å forstå noko. Men kanskje forstår me ikkje noko likevel? Samstundes er det utvilsamt ein viss kreativitet i å koma på noko sånt. 

Mange fleire installasjonar var det. Me kan diverre ikkje nemne alle her.