Nye-rektoren ved Rimbareid skule, Siv Grete Stamnes, strålar etter skulestart. – Både møtet med lærarane og elevane har vore ei særs god oppleving, seier ho.

Ho har møtt begge partar på ein annleis, men god måte, og har allereie sett sitt preg på skulekvardagen. Og ikkje har me høyrt anna enn at elevar og lærarar er nøgd med måten ho har kome dei i møte på.

I dag, på første skuledag etter ferien, samla ho alle elevane frå 2.-10. klasse på skuleplassen for å ønskje deg samla velkomen. Deretter let ho eitt og eitt trinn gå til klasseromma saman med lærarane sine, med eit spesielt ønskje til dei alle om eit godt skuleår.

Då hadde ho allereie formidla Rimbareid skule sitt nye motto: «Kunnskap og vennskap hand i hand».

Mest spente var nok 1. klassingane med foreldre som kom litt seinare.

– Ei god stund det òg, sa nye-rektoren etter møtet med dei.