Fitjarkunstnar Jørund Fjøsne som stod bak Papir-oppsettinga leverte verkeleg noko heilt utanom det vanlege i kveld.

Det var nesten heilt fullt i Stord kulturhus i kveld under premieren på Papir. Publikum fekk oppleva ei variert og spennande framsyning.

Ei stor gruppe med ungar frå kulturskulane på Stord, Bømlo og Kvinnherad deltok med eigenkomponert musikk. Elles var det dei 13 musikarane i BIT20 ensemblet som sat på scenen og som stod for musikken, saman med all den lyden som papira og dansarane laga.

9 unge danserar frå Stord, Bømlo og Kvinnherad framførde ein variert og særeigen dans saman med, og knytta til, ulike  papirkonstruksjonar. Alt koreografert av danselærar Magdalena From Delis og Jørund Fjøsne.

Danserane starta inni kvar sin papirkasse, der deira grasiøse kroppar vart gjort tydelege ved å bli lyssett bakanfrå. Flott, spennande og stemningsfullt. Så søkte dansarane ut og til kvarandre. Det kom meir papir på scenen, nokre konstruksjonar var skapt på førehand, andre vart skapt der og då under framsyninga. Etter kvart vart nærast heile publikum innhylla i papir og slik teken med inn i framføringa, inn i kunsten.

Til slutt enda alt papiret i eit stort «bål» på scenen, noko som kulturskuleelevar frå Fitjar kjenner igjen frå deira kunstprosjekt saman med Fjøsne.

Etter endt framsyning vanka det mange rosande ord og blomar til Jørund Fjøsne som hadde ideen og tok initiativ til prosjektet, og dei andre som deltok; Knut Våge som hadde skrive musikken, Bit20 ensemblet som framførde musikken, danselærar Delis, dei 9 unge og flinke dansarane og dei ulike kulturskulane som har vore med og arrangert dette.