– Ei festreise frå først til sist

Sunnhordlandsmusikken under bibeltimen søndag føremiddag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Orda tilhøyrer Trygve Eiken og kjem som ein spontant kommentar når fitjarposten.no spør korleis han vil oppsummere Årsmøtet til IMS.

Me kan berre stadidfeste at han har orda sine i behald. Heile opplegget gjekk, etter det me kunne sjå, knirkefritt. Folk var glade og velsigna – og dei lokale kreftene som på ein eller annan måte var delaktig i programmet, gjorde ein kjempeinnsats.

Mykje folk vart det òg. Både laurdag kveld og søndag føremiddag var det rundt 600 personar samla i FKIB. I offer kom det inn mellom 150 og 200 000 kroner.

Årsmøtet var i tillegg til å vere ei storsamling som var open for alle,  og eit årsmøte med val. 

Det viktigaste i den samanhengen for fitjarposten.no er å fortelje at Ingebrigt S. Sørfonn vart attvalt som formann og at Marte Kvilhaugsvik vart 1. varamann til styret.

Fleire bilete finn du her.