-Ei bygd der nettavisa kan ha som toppsak at ein nøkkel er mista, er ei bygd eg kunne tenkt meg å bu i, seier Jørgen Strickert i P3morgen, til fitjarposten.no

Saman med sin radarpar-kollega, Henrik Thodesen, har Strickert  fleire gongar denne sommaren snakka om Fitjar, med eit svært så morosamt og artig fokus, ikkje minst då dei køyrde ein "Fitjar spesial", sist tysdag.  Noko av P3morgen sitt konsept er jo å referere nyheitsbiletet, både i Noreg og utlandet, på ein litt tøysete måte, men berre tøys var det ikkje.

-Korleis kom de på å snakka om Fitjar?

-Det er jo slik at me ber lyttarne kome med framlegg både til kva me skal snakka om, og til tema. Og då var Fitjar eit av framlegga som kom inn, i tillegg til mange andre, om alt mogeleg. Namnet er jo òg artig i seg sjølv.

Då me skulle ha tema, stod det mellom Fitjar og Fjuken, som skilde seg ut, men flest ønskte Fitjar, fortel Strickert, som så, saman med kollega Thodesen, slo til med ein tre timar lang morgonsending med Fitjar i fokus, noko dei ikkje har gjort med nokon andre bygder i Noreg.

-Kva inntrykk har de fått av Fitjar etter dette?

-Det må vere ein fredeleg og harmonisk plass. Ei bygd der nettavisa kan ha som toppsak at ein nøkkel er mista, er ei bygd eg kunne tenkt meg å bu i. Når ein så følgjer opp med å fortelje at nøkkelen er funnen, er det nummeret før eg pakkar sekken, og når det i tillegg kjem ei sak om at eit nøkleknippe er funne, og etterlysar eigaren, er eg alt på veg.., smiler Strickert, og legg til:

-Fitjar har fascinert meg, og kva for plass i Noreg eignar seg betre for ein storslagen sommarfestival enn Fitjar?, undrar han til slutt, og me nyttar høvet til å minne om revyfestivalen som finn stad her i Fitjar – til hausten.