Bekkjarvik havn. Foto wikipedia.

Olav Drivenes er ute med si nye og varierte bok «Det hender så mangt», med historier i frå eige live, samt eit par historier han har vorte fortald.

Boka med sine 13 kapittel er full av historier med bilete til. Historiene i frå kvardag og fest, med både lykkelege og triste forteljingar i frå eit liv i Bekkjarvik. Her finn ein kapittel om skulen, oppveksten, årstider, kulturminner, kjentfolk i Austevoll, Sabben og mykje meir. Alt med flotte bilete attåt forteljingane.

Framsida til boka. Foto: Selbjørn Fiskerisogelag

Store deler av boka handlar om Drivenes sine barne- og ungdomsår, og er dermed historier i frå Fitjar kommune. Før 1964 høyrde søraustsida av både Selbjørn og Huftarøy til Fitjar kommune. Kommunesamanslåinga i 1964 er blant tinga som har fått eit eige delkapittel.

Selbjørn fiskerisogelag gjev ut boka, og Øystein Rabben i laget fortel at dei kjem til Larsen på Fitjar fredag den 8. februar for å selja boka. Boka kan elles tingast på Selbjørn Fiskerisogelag si facebook-side.

-Det har vore hyggeleg for meg å få dette ned på papiret, og eg vonar de vil oppleva innhaldet som godt lesestoff, skriv Olav Drivenes.

 

 

- Annonse -