Mariann Vestbøstad Marthinsen er tildelt den prestisjetunge Egebergs Ærespris for sin supre innsats i langrenn og symjing.

Kammerherre Egebergs ærespris vert rekna som norsk idrett si høgaste utmerking. Prisen vert berre utdelt til utøvarar som har markert seg sterkt i minst to idrettar. (Sjå faktarute nedanfor). Mariann sine to greiner er, som dei fleste fitjarbuar veit,  langrenn og symjing

Mariann vann verdscupen i langrenn samanlagt i 2012 og vart nummer to både i 2011 og 2013. I årets VM tok ho to sølvmedaljar, i 2011 vart  det to bronsemedaljar. I symjing vart ho i 2009 verdsmeister på 100 meter rygg kortbane. Ho har òg eit VM-sølv frå 2006 og EM-sølv frå 2011, samt bronse frå Paralympics i 2008.

Overraska, men kjempeglad
Vestbøstad Marthinsen fortel til fitjarposten.no at ho fekk nyheita for ei veke sidan, men at ho fekk streng beskjed om å ikkje seie det til nokon. – Det kom som ei bombe på meg, men det er utruleg stort å bli sett pris på på denne måten. Det betyr enormt mye for meg, seier Mariann ti fitjarposten.no. Ho vil takka både familie og fitjarfolk for støtte opp gjennom åra. – Eg hadde ikkje kome der eg er i dag utan den støtta og oppmuntringa eg har fått, spesielt  frå heimen, men òg heimbygda, legg ho til.

Mariann Vestbøstad Marthinsen satsar knallhardt mot OL i Sotsji neste år. Symjinga er for alltid lagt på hylla. No jaktar ho gull i langrennssporet. Pristildelinga er ein skikkeleg motivasjon i så måte. – Dette gir super motivasjon til vidare satsing, smiler ho.

Strålande rollemodell
Komiteen for Egebergs Ærespris peikar i samband med tildelinga på at Mariann Vestbøstad Martinsen er ein strålande rollemodell for norske utøvarar, at ho er positiv og inkluderande – og at ho vert omtalt som ein bauta i miljøet. Prisen vil bli delt ut i samband med NIF sitt leiarmøte i Sandefjord 30. mai.