Jo Kjetil Strand (t.v.) på stand med Fitjar Høgre i 2017. Foto: Fitjar Høgre

Me har stilt 6 spørsmål til dei fem førstekandidatane for det komande kommunevalet i Fitjar kommune. Jo Kjetil Strand tek over som førstekandidat for Fitjar Høgre etter avtroppande ordførar Wenche Tislevoll, les kva Strand svarar her.

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?

Mine viktigaste kampsaker vert å leggja til rette for, og stimulera til etablering av fleire arbeidsplassar i privat sektor, blant anna ved å sikra tilstrekkelig med attraktive næringsområder, og områder for bustader i heile bygda. Eg trur heller ikkje at løysningen på alle problem er å auka eigedomsskatten og avgifter, heller tvert i mot. Eg vil jobba for å redusera eigedomsskatten, og me må på sikt jobba for å få den vekk, iallfall på hytter og hus.

For meg er det viktig at Fitjar blir ein god og attraktiv stad å bu ein stad, som folk reiser til og ikkje i frå. For å sikra at det kan bli slik i framtida er det viktig å stimulera til eit levande sentrum med attraktive møteplasser for både unge og gamle. Samtidig som me fokuserer på å oppretta dei tilboda ei bygd treng for å vere attraktiv i framtida. Dette klarar ikkje kommunen å løyse sjølv derfor vil eg vera ein pådrivar for offentlig privat samarbeid prosjekter både i sentrum og resten av bygda.

– I fjor vart det ein hard kamp om grendaskulane. Er det aktuelt å vurdera nedlegginga av dei to grendaskulane på ny om budsjettet ikkje strekk til?

Slik eg ser det har me no ein skulebruksplan som gjeld for 4 år. Me held oss til den. Eg ynskjer ikkje å leggja ned grendaskular, og eg trur at viss me snur alle steinane fleire gonger så finn me løysningar i framtida òg.

– Kommunesamanslåing var ogso eit heit tema i denne kommunestyreperioden, burde Fitjarbuen takka ja til Stord når dei hadde sjansen?

Når det gjeld prosessen rundt kommunesamanslåing så var dette ein veldig demokratisk prosess. Fitjabuen vart spurd og gav eit veldig tydeleg svar. Når me ser korleis samfunnet endrar seg rundt oss, så ser me vell at ei samanslåing av Stord og Fitjar den gongen likevel ikkje ville gitt nødvendig tyngde og gjennomføringskraft for framtida.

- Annonse -

– Når me er inne på samanslåing, kjem det til å påverka Fitjar at Hordaland og Sogn og Fjordane har blitt til Vestland fylke?

Fitjar er jo ein del av regionen Sunnhordland med Stord som regionsenter. Her ser me jo no at fleire av tilboda er i spel slik som tingretten, politiet, Statens Vegvesen, sjukehuset, høgskulen og den vidaregåande skulen. Me må ta innover oss at Sunnhordland er blitt ein utkant. Det blir derfor viktig at kommunane jobbar for eit sterkt Sunnhordland i framtida.

– Me kjem ikkje unna litt vindmølleprat. Har me nok vindmøller i Fitjarfjellet no?

Fitjar har ein flott vindpark. Inntektene og synergiane bygda får frå denne er kjempeviktig, men me må ta vare på noko av den fantastiske naturen me har òg. Derfor er det ein dårlig ide å byggja vindmøller i området Grønafjellet, som me har høyrt ein del om.

– Fitjar kommune legg for tida ned mykje arbeid i å laga kommuneplanen sin samfunnsdel. Kva vert Fitjar sine utfordringane dei neste 20 åra?

Fortsatt vekst i innbyggjartal og arbeidsplassar. Tenka smart og bli den attraktive plassen å busetja seg og etablera nye arbeidsplasser på. Økonomi og pålagde oppgåver vil nok også i framtida vera utfordrande men det eg kanskje er mest bekymra for er Fitjar vidaregåande skule si framtid i Vestland Fylke. Derfor vert det ved dette valet, og framtidige, viktig å stemma fram gode folk til fylkespolitikken.

Les ogso:

Harald Rydland frå KRF sine svar.

Karen Elisabet Rydland Sæbø i Senterpartiet svarar.