Sigurd Andre Maraas og Harald Rydland Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Sigurd Andre Maraas (FrP) og Harald Rydland (KrF) ynskjer begge å bæra ordførarkjede dei neste 4 åra. No fortel dei at dei vil ha kvarandre til varaordførar, om dei får det som dei vil.

– Plan A er at eg vert ordførar. Om det vert slik so ynskjer eg å ha Harald Rydland som varaordførar. Han er stødig økonomisk, og vil vera eit godt «sidekick». Eg har ingen plan B, fortel Maraas.

Harald Rydland ytrar det same.

– Eg og Sigurd har vore saman i kommunestyret i 16 år no, og eg set pris på mange av eigenskapane han har. Han stiller gode spørsmål, og er svært engasjert. Om eg vert ordførar, så får Sigurd jobben som varaordførar.

Menna legg ikkje skjul på at dei er ueinige i mange politiske saker, men trur den gode kjemien kan redda eit godt samarbeid.

– Me veit kor me er ueinige, men me har ein god kjemi. Det er vel so viktig i eit samarbeid, det har me jo nettopp sett eit døme på frå ein nabokommune, fortel Rydland.

– Respekten eg har for Harald, veit eg at er gjensidig, fortel Maraas.

Kva seier dei andre i partia?

– Eg tok det opp både på nominasjonsmøtet, og på programmøtet, at eg ynskte Sigurd som varaordførar. For nokon i partiet var det litt uventa, men eg forklarte kvifor, og tilbakemeldingane har vore positive, seier Rydland.

- Annonse -

– Fitjar FrP har gitt meg fullmakt til å gjera det som gjev mest utslag for FrP sin politikk på Fitjar, fortel Maraas, som ogso har partiet i ryggen på denne slutninga.

– Etter 16 år i opposisjon vil me i Fitjar FrP prøva og koma oss i førarsetet, og om ikkje anna få sitja framme i bilen.

Optimistar

– Det er ikkje vanleg at ein i Fitjar går ut før valet om kven ein ynskjer å samarbeida med, so no tek me ein amerikansk vri her. Nokon meiner sikkert eg og Sigurd burde gje oss etter høvesvis 24 og 16 år i kommunestyret, men samtidig håpar eg at folk ser at me fortsatt er engasjerte, at me fortsatt vil det beste for Fitjar, uttalar Rydland.

– Det er ein av dei tinga eg og Harald har til felles. Me er optimistiske for Fitjar. Ja me ser det kjem til å bli utfordrande økonomisk, men me ser enno betre dei gode vekst moglegheitene me har her, seier Maraas.

Samarbeid

Rydland og Maraas håpar på breitt samarbeid mellom partia i den komande perioden, og vil begge få fram at dei ikkje utelukkar andre samarbeid.

– Eg garanterer berre at dersom eg vert ordførar, so vel eg Harald til varaordførar, avsluttar Maraas.