Det er fjorårets norske meister i crosskart, Ingve André Strand, som seier dette til Fitjarposten før avreise til Bjorli og karrierens siste konkurranse på toppnivå.

Dermed har Ingve sleppt ei aldri så lita bombe før avslutningsrunden i årets NM. Den går av stabelen denne helga på Bjorli, på ein bane som verken Ingve eller konkurrentane hans kjenner frå før.

Denne sesongen har blitt den dårlegaste for den norske meisteren frå Tislavoll, etter at han i 15 år har vore den jamnaste crosskartføraren i Noreg. Og i fjor blei endeleg innsatsen krona med NM-tittel.

Vanlegvis køyrer Ingve for samanlagtsigeren i siste NM-runde, men i år er nok førsteplassen altfor langt unna. På nettstaden norsk-crosskart.com ser me at Ingve ligg på 5.-plass, ikkje så langt bak 3.-plassen. Men det er veldig langt opp til Jonathan Walfridson som leiar. Slik ligg det an før det siste løpet:

Jonathan Walfridson: 52
Marius Vardeberg: 49 poeng
Jimmie Walfridson : 44 poeng
Oscar Solberg: 43 poeng
Ingve André Strand: 39 poeng

Eg køyrer for ein pallplass, og vil avslutta med stil, seier Ingve André Strand før han slepper bomba: – No legg eg opp, det tar for mykje tid. Det er på tide å la Anders få utfalda seg i den sterkaste vogna. Eg får nøya meg med frukost og kaffi!

Til neste år blir det altså Anders Halleråker Strand som startar i den største klassen, 650 ccm, medan faren blir med som tilretteleggjar. Men først er det NM-finalen som gjeld, både for far og son i Strand Motorsport. Fitjarposten vil som vanleg bli halden oppdatert og vil vera tidleg ute med det siste toppresultatet for den norske meisteren vår.

Ingressbilete: Ingve André Strand og Anders Halleråker Strand klare for avreise med støtteapparatet sitt, Sigurd André Maraas og Fredrik Helland.