Odd Sverre Larsen fortel om lite hamstring, og flinke kundar. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Spar kjem med nyttige råd for å redusera smittespreiing i deira butikkar. Kjøpmann på Fitjar Odd Sverre Larsen fortel at Fitjarbuen er flinke til å følgja råda.

Dei nye råda ber folk halda avstand til andre kundar og tilsette, nytta utplassert handsprit eller vaska henda ved panteautomaten, og om å ikkje gå på butikken om dei kjenner seg sjuke eller er i karantene.

– Eg ser folk er svært flinke på handhygiene når dei kjem inn på butikken. I tillegg går me å vaskar berøringspunkt som handlevogner og bankterminalar ofte, fortel Larsen. Han oppmodar folk om å nytta betalingskort og unngå å ta på varer dei ikkje skal kjøpa.

Han fortel at dei har vore tom for nokre varer, men at dei ikkje har sett teikn til at folk hamstrar.

– Folk forstår at i ei kristid kan ein måtta koma til å ta noko anna til middag enn det ein planla. Men me fekk basisvarer i går, so dei skal vera på plass. Det er gode bufferar bakover i systemet, og NorgesGruppen er flinke til å fordela ut varer til oss, fortel Larsen.

Les ogso: Gå aleine på butikken

Rosar dei tilsette

Kjøpmannen vil rosa sine tilsette for den innsatsen dei gjer.

– Dei vert sårbare for smitte frå kundane, men folk er flinke til å halda avstand, og det er sjeldan klynger av folk samtidig inne hos oss. For dei som vil, til dømes dei isolerte eller ekstra sårbare, tilbyr me varelevering, fortel Odd Sverre.

Han trur Noreg vil takla denne krisa saman.

– Om me tek vare på kvarandre, i staden for å ta på kvarandre skal nok dette gå fint, seier Larsen.

– Nei, ein skal ikkje avdramatisera situasjonen, men eg trur Noreg vil stå denne ut. Me har tillit til systemet, og har eit storting som saman prøvar å ta seg av problema som oppstår, avsluttar Odd Sverre Larsen. Han referer til dagens pressekonferanse frå Stortinget der partia samla la fram del ein av den økonomiske krisepakken til næringa.