Det var stor produksjon av julegåver og pynt i føremiddag.

Tysdagsklubben i Øvrebygda arrangerte juleverkstad, der små og store born kosa seg med ulike aktivitetar. Mange vaksne var og med, slik at borna fekk hjelp når det trongst. Fint innpakningspapir låg klart for dei som ville pakke inn gåver. Ei gruppe trossa regn og vind. Dei stod ute og laga stearinljos. Slik aktivitet høver best utandørs. På kjøkkenet var det berre ein bakar då me stakk innom. Eg likar å bake og smake, sa Nikolai. I morgon skulle han lage peparhus saman med familien. Fulle skåler med kakefigurar kom på bordet då grauten skulle etast. Store panner med risengrynsgraut gav mette til over femti små og store.

Då kjøkkengjengen tok fatt på den store oppvasken, kom to jenter og ville hjelpe til. Det såg ut som dei hadde vore med på slikt arbeid tidlegare og.

Johannes Olsen fanga alle sin oppmerksomhet då han fortalde om Moses og den brennande tornebusken. Det vart og tid til litt song før borna passa på å få med seg det dei var stolte av å ha laga: Juleoppheng, julekort, englar av ulike slag, små, grønmåla juletre, dekorasjonar og stearinljos, og kanskje endå meir som me ikkje la merke til. Og så håpar me at ingen har skjøna kva dei skal få til jul i år.