Foto: Svein Erik Fluge

Ein av lesarane våre har sendt oss eit nydeleg bilete av ei ørn. – Å sjå ørn er nærmast ein kvardagsoppleving her hos oss, fortel Svein Erik Fluge, som unner fleire synet.

Han fortel at det vanlegvis plar sirkla eit par ørner rundt over dei i Koløyo, og i det siste har dei høyrt paringsrop frå paret.

– Eg vert like fascinert kvar gong eg ser dei, og i dag fekk eg eit flott bilete som eg ville dela med fleire. fortel Fluge.

Han føler seg heldig og privilegert som får sjå desse majestetiske fuglane på nært hald.

– Men eg må passa litt på ogso. Eg har små miniatyrhunder, og nokre gongar tykkjer eg ørnene har kome litt vela nærme med klørne ute, klare for middag. Heldigvis ombestemmer dei seg når eg hoiar og viftar med armane, melder Fluge.