Ved hjelp av bilbatteri og sikring kan du laga deg eit effektivt sniglegjerde.

Eg har brukt 12V bilbatteri. Sikring er viktig då bilbatteri kan føra svært høg straum. Har òg ein resistans som hindrar høg straum om leiarane kjem bort i kvarandre. Denne må tåla så høg effekt at den tåler å stå med kortslutning. Sikringa er for å sikra mot kortslutning i batteriboksen.

Vidare har eg testa med spenning ned mot 5V, så ein gamal mobilladar eller liknande kan sikkert også nyttast. Er allereie i gang med å grava ned kabel til åkeren for å sleppa å bruka bilbatteriet.

Det er viktig at leiarane ligg tett elles går dei minste sniglane på skrå og kjem over utan å berøra begge leiarane samtidig. Gjerdet må òg liggja så så tett ned mot underlaget som muleg elles kjem dei minste seg under.

Dei små sniglane blir hengjande fast og døyr mens dei store trekkjer seg saman med det same dei kjem bort i begge leiarane samtidig, for så å snu. Sniglene som blir hengjande avgir masse slim som blir liggjande rundt leiarane som isolasjon. Dette og daude sniglar må fjernast kvar morgon.

Gras, lauv og andre ting som blir liggjande oppå gjerdet må også fjernast. Etter ein testperiode fram til no viser det seg at gjerdet må modifiserast noko til neste år. Blant anna bør det monterast på ei vertikal fjøl med tak over. Dette for å unngå at mykje vått gras og lauv blir liggjande på leiarane. Fjøla som ligg ned i åkeren bør liggja i djup sand så sniglane ikkje kryp under. Sniglane liker visst nok ikkje så godt å krypa i sand.