Edvard Hoem kjem til Fitjar kyrkje torsdag 27. oktober kl. 19.30. Her vil han framføre «Mors og fars historie», historia om sine eigne foreldre.

Vi vil få høyre korleis far og mor hans trefte kvarandre, og kva det var som førte til at akkurat dei slo seg ilag.

Faren var lekpredikant, og mora var kokke. Ho fekk ei dotter med ein tysk soldat i 1945. «Mor og fars historie» handlar om at livet somme gonger tek sin eigen veg, og at ingenting blir slik som me som først hadde tenkt oss det.

– Me ønskjer velkommen til ein engasjert og levande forteljar! seier Eli Simonsen i Temakveldgruppa.