Fotballgutane på A-laget til Fitjar er midt i oppkøyringa til haustsesongen, og trenar Kjell Træet har von om opprykk.

Det skal i alle høve ikkje stå på innsatsen til dei unge Fitjar-spelarane. I det siste har dei trent nesten kvar dag. For å kunna samla flest mogeleg til trening, etter som fleire er opptekne med sommarjobbar, har dei starta treningane kl. 7 om morgonen. Dette er eit sikkert teikn på at spelarane er motiverte, og vil gjera alt for å nå målet om opprykk til 4. divisjon.

Trenar Kjell Træet melder om godt frammøte og fullt «trøkk» på treningane. Han har eit tilnærma skadefritt mannskap, og alle har trent godt i det siste. Då oppkjøringa før haustsesongen begynte, var dei fleste i bra form. – Det er tydeleg at mange har drive eigentrening i sommar, seier han. Frammøtet har på det beste lege på rundt 20 mann, inkludert 3-4 «ferievikarar», Fitjar-gutar som er heime i sommar, men som ikkje lenger har høve til å spela på Fitjar.

Kjell ser optimistisk fram mot haustsesongen, og vonar det er Fitjar sin tur til å rykkja opp i år. Som kjent var han ei hårsbreidd frå opprykk med laget sitt i fjor, då Os 2 gjekk forbi med siger i siste kampen, og kapra andreplassen bak Bremnes. I år blir truleg langt fleire lag med i opprykksstriden utover hausten. Det gjeld å ikkje tabba seg ut mot dei fem svakaste laga, seier Kjell. – Full pott mot desse fem laga er viktig, då er mykje gjort, for alle dei beste laga vil ta poeng mot kvarandre.

Både trenarteamet og laget gler seg over ei solid forsterking føre haustsesongen. Kjell vonar at Henrik Raunholm Kjelling vil bli klar til første haustkampen. Henrik har spelt for Haugar dei to siste sesongane, men no er han innstilt på å hjelpa Fitjar opp i 4. divisjon. Hustsesongen byrjar førstkomande fredag på heimebanen i Fitjar Idrettspark. Den hyggelege tabellen og terminlista for 5. divisjon kan du lesa her.