Fitjar støtta WWF sin kampanje Earth hour 2011. Ein del lys vart sløkt for å markera at det hastar med å løysa klimautfordringane, men langt frå alle.

Tal frå Statsnett syner at nordmenn sløkte lys tilsvarande i overkant av seks millionar lyspærer laurdag kveld mellom klokka 20.30 og 21.30. Sjølv om ein ikkje merka så mykje til mørklegginga på Fitjar, var det og her folk som trykte av lysbrytarane og som med det deltok i det globale og visuelle uttrykket som skulle syna vilje til å stå saman mot klimaendringane.

Eart hour er ei årleg markering som handlar om at ein skal sløkkja lyset i ein time for klimaet, for å visa at det hastar med å løysa klimautfordringane i verda. Denne verdsvide stormønstringa vart og markert på Fitjar. På heimesida til Earth hour 2011 kunne ein finna Fitjar kommune som ein av 181 påmelde kommunar. Ordførar Harald Rydland, som er på veg heim frå skitur på Vågslid, opplyser på telefon at kommunen gjerne ville visa at dei støtta aksjonen ved å melda seg på sjølv om Fitjar ikkje har nokon opplyste bygg dei kunne sløkkja for å synleggjera dette. Dei kommunale bygga i Fitjar er stort sett mørke på kveldstid, men sjølv om ingen kommunale bygg kunne mørkleggjast, var det fleire private hushaldningar som støtta aksjonen med stearinlys-stemning i stova. Ordføraren opplyste til avisa Sunnhordland i går at han skulle sløkkja lyset og sjå landskampen mellom Noreg og Danmark i skinet frå talgaljos. Ein spasertur i Fitjar sentrum under jordkloden sin time synte at det var mange som gjorde som ordføraren, medan det skein varmt frå levande flammar i glaskarmen og på borda, blafra det i blå-grønt lys frå tv-skjermane. Det kunne verka som folk likte stemninga, for i mange hus gjekk det langt meir enn ein time før det vart trykt på lysbrytarane igjen.