Gjennom å sløkkja lyset i ein time laurdag kveld var folk med på å syna at dei har vilje og evne til å stå saman mot klimaendringane. 

Earth hour er ei verdsomspennande symbolsk markering satt i gang av WWF. Laurdag 29. mars kl. 20.30 sløkte byar, kommunar, bedrifter, organisasjonar og einskild menneske over heile verda lyset i ein time, for klimaet.

Fitjar kommune var ikkje mellom dei 207 kommunane i landet som deltok i markeringa, men det var ikkje til hinder for at privatpersonar kunne syna sitt klimaengasjement ved å  slå av alt elektrisk lys. Og Fitjar kyrkje var med i aksjonen ved å sløkkja flomlyset som har lyst opp kyrkja på kveldstid sidan 1. desember 2013. 

I det store og heile var det liten skilnad på jordklod-timen og timen før og etter på Fitjar, men såg ein nøye etter kunne ein i einskilde hus sjå ei lun stemning med blafrande talgaljos og andre hus med berre blått tv-lyset.

Er nokon triste avdi dei gjekk glipp av å markera Earth hour i år får dei ein ny sjanse laurdag 28. mars 2015, og å kjempa for klimaendringar det kan ein gjera kvar ein dag, sjølv om ein hadde ein opplyst laurdagskveld.