Kommunestyret vedtok samrøystes reguleringsplanen.

I desse dagar startar utvidingsarbeidet på strekninga Vistvik – Engevik.

Samtidig har planarbeidet for siste strekninga mot Sandvikvåg gått for fullt. Dette er på mange måtar ein enklare vegstrekning å byggja ut. Frå Engevik følgjer planen noverande trase nesten til krysset til Færøysund. Der vert vegen lagt høgare og lengre nord, og avkøyringa vert flytta vestover.

Levåg er utfordringa i planen. Dalføret og bratt terreng gjer det krevjande å plassera eit så breitt vegsystem. Traseen vert lagt lengre nord ved Øvre Levåg. Difor vert det ei etter måten stor fylling frå avkøyringa til Levåg og første delen av Levågslia. Hytta som no står på nordsida av vegen, er den einaste bygningen som vert riven på grunn av anlegget. Ny gang- og sykkelsti på nordsida av vegen vil koma heilt inn til der hytta står i dag. Vegen vert også lagt høgare her. Det var heilt nødvendig å minska stigninga og retta mest mogeleg ut den tunge svingen, der det har vore mange uhell og ulukker. 

Tunnel
I Levåg kjem også den einaste tunnelen i Fitjar. Tilkomstvegen frå Nedre Levåg skal gå under E39 og får felles avkøyring med Øvre Levåg på sørsida. Avkøyringa til hyttene i Levågsvågen, ytterst i lia, vert verande der den er. Planen går like til vegkrysset der ein køyrer ned til Sandvikvåg.

Planen vert gjennomført sjølv om ein i desse dagar har stor fokus på ferjefri E39. Den utbygginga ligg for langt fram i tid, og val av løysing er så usikkert at ein ikkje vil lata det påverka planarbeidet frå Vistvik til Sandvikvåg.

Ingressbilete: Svingen i Levåg slik den er i dag. Foto: Harald Johan Sandvik.