I løpet av nyårshelga har nokon dytta fyrverkeri (" to sprenglegemer") inn gjennom postluka på Fitjar postkontor.

Fyrverkeriet har gått av inne i bygget, men har ikkje forårsaka nemneverdig brann eller annan skade. 

Men det er rapportert om noko skada post, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.

Lensmann Svein Lunde bed folk som har posta brev i postluka i nyårshelga, om  å sjekka at posten  er komen fram. Om så ikkje er tilfelle, kan ein ta kontakt med postkontoret i Fitjar.