Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Seks personer omkom i brann i desember, viser ferske tal fra Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, DSB, og totalt miste 41 livet i brannar i Noreg i 2019.

Heile 41 menneske omkom i brannar i fjor, av desse var 29 menn og 12 kvinner. Dette er det høgaste talet på fem år.

Talet på omkomne aukar

– Igjen ser vi at desember er årets mest brannfarlege månad, prega av hundrevis av brannar og branntilløp, mange i samband med jule- og nyttårsfeiringa, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring.

– Dessverre ser vi også at talet på omkomne i brannar aukar. Fra 26 i 2017, til 39 i 2018, og no altså 41 i fjor. Tragisk nok er framleis røyking den største årsaka til at folk døyr i brannar, og menn er kraftig overrepresenterte, legg han til.

Første nyttårsdag toppar

Dagen med flest branntilløp i fjor var 1. januar med 29 tilfelle. Dei estimerte skadekostnadene etter brannar i 2018 var på vel 6 milliardar kroner. Nær halvparten av alle branntilløp startar på komfyren, og Oslo er fylket med flest slike hendingar.

Det brannfarlegaste rommet i ein bustad er kjøkenet, og deretter kjem stova. I nær halvparten av tilfella blir brann oppdaga av at nokon ser eller luktar røyk eller flammar.

– På den positive sida ser vi heldigvis at det er fleire og fleire som skaffar seg brannslokkingsapparat, både skum og pulver. Men den billigaste livsforsikringa er røykvarslaren, understrekar Torbjørn Brandeggen.

Det er ikkje minst om natta, mens ein søv, at den verkeleg kan utgjera forskjell mellom liv og død. At ein vaknar i tide til å berga seg sjølv og familien ut av ein bustad som er i ferd med å ta fyr. Det er ofte røyken som drep, seier han.

Jula er ei brannfarleg tid. Foto: Tryg Forsikring.

Eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne og rusavhengige er spesielt utsette for brann. Tal frå DSB viser at så mange som tre av fire av dei som har mist livet i brann dei siste åra tilhøyrer desse gruppene.

Personer over 70 år har fire til fem gonger høgare risiko for å omkomma i brann samanlikna med resten av befolkninga. Spesielt høg er risikoen for eldre som bur åleine.