Sauen er spente på om dyrlegane held seg friske til lemminga er ferdig. Foto: FP-arkiv/KR.

Dyrlegane våre er oppe og går, men arbeider mykje heimanfrå, og rykkjer berre ut når dei absolutt må.

Veterinær Karen Elisabet R. Sæbø opplyser at i desse dagar tek dei ikkje oppgåver som ikkje hastar.

– Vakta er oppe og går, presiserer ho, men me konsentrer oss om dyr som treng akutt hjelp!

– Ring den vanlege veterinæren din eller vakttelefonen 53 40 00 03, seier dyrlegen.

Ho understrekar at vanlege ting, som tannstein, vaksine av hund og kastrering av hannkatt er typiske oppgåver som kan venta. Ho legg til at mange ting kan ordnast per telefon. Det er jo vanleg å senda video og bilete av dyret, slik at dyrlegen får vurdera alvoret i situasjonen.

Som veterinær veit ho å beskytta seg mot virus, men ho vil understreka så sterkt ho kan, at folk må respektera dei reglar som gjeld. Dyrlegane må få vita om folk har luftvegssymptom før dei rykkjer ut til dyra.

Dersom dyrlegen skal rykkja ut til ein bonde som er i koronakarantene, må han få vita om det på førehand. Karen Elisabet vil ikkje at bonden sjølv møter opp i floren for å møta dyrlegen, i alle høve ikkje utan å gi beskjed på førehand, slik at dyrlegen kan ta sine forholdsreglar.

Dyrlege Sæbø minner òg om det kan vera smitteberarar som i eigne auge er friske, men som viss dei tenkjer seg om, har litt symptom, som f.eks. sår hals, litt uggen kropp eller litt hovudverk. Folk må ta dette på alvor! understrekar dyrlegen.

Det er svært viktig for dyrlegane i desse tider å ikkje utsetja seg for andre virusinfeksjonar heller. For dersom dei får luftvegssymptom, kan dei ikkje gå på jobb, og då kan me bli utan dyrlegeberedskap i lemminga. Eller andre dyr kan ha det unødig vondt fordi det ikkje finst dyrlegar som har lov å rykkja ut!

– Me veterinærar er opptekne av å halda oss både friske og symptomfrie, slik at me kan ha vakt, særlig når lemminga begynner i neste veke, seier veterinær Karen Elisabet R. Sæbø til slutt.