Måndag den 21. mai hadde 5.-7. klasse ved Rimbareid barneskule dyredag i 4. – 6. time. Dei som skulle ha med seg dyra sine fekk først gå heim og henta dei. Deretter var det utstilling der alle dei andre elevane fekk sjå på dyra.

Mange hadde med seg dyr, så det var veldig mange dyr der. Det var hundar, kattar, hamstrar, kaniner, ein kalv, sauer, ei rotte og papegøyar der. Den ein papegøyen kunne til og med seia ”hei”.

Det var ein strålande dag, så dei fleste dyra var ute, men ikkje alle.

Hamstrane, kaninene, rotta og papegøyane måtte halda seg inne i finaveret. Dei var utstilte på to av klasseromma. Dei som hadde med seg dyr hadde laga ein plakat om dyret slik at dei som såg på fekk læra litt.

Det var veldig kjekt å vera der og sjå på dyra.