Dusinet fullt og vel så det, blei det då juniorlaget til Fitjar sende motstandarane frå Rosendal heim med 1-13 i bagasjen onsdag kveld.

Juniorlaget til Fitjar har etter kvart begynt å vinna kampar, og onsdag kveld fekk me sjå eit scoringsshow av dei sjeldne. Etter første omgang stod det 6-1 etter «hat trick» av Brynjar T. Engelsen og kvar si scoring av Leif André Tangen, Halvor Larsen og Øystein Fitjar Waage.

Andre omgang blei endå verre sett med rosendølske auge. Leif André Tangen scora tidleg sitt mål nummer to for kvelden, og så gjekk det slag i slag med nesten berre eitt lag på banen. Brynjar T. Engelsen scora eit nytt «hat trick», og dei resterande måla kom ved Mads Dahl Helland (1) og Mats Brakedal (2).

Å peika ut einskildspelarar i ein kamp som Fitjar dominerer så sterkt, er vanskeleg. Men det er jo ikkje kvardagskost at ein mann scorar to «hat trick» i ein og same kamp, slik Brynjar T. Engelsen gjorde. Elles var det kjekt å sjå to mål og mange svært gode innlegg frå ein frisk og aggressiv Leif André Tangen på høgrekanten.