Styreleiar i ELØ Geir Inge Solberg (t.v.) og bryggemeister Øystein Huus. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Med ei samla omsetnad på 2,1 millionar kroner i fjor måtte En Liten Øl notere eit underskot på heile 1,5 millionar kroner.

Det første heile driftsåret til Fitjar-bryggeriet En Liten Øl gjekk ikkje bra økonomisk. Rekneskapstala for 2017 viser at bedrifta nesten hadde like mykje underskot som inntekter.

Samtidig har selskapet auka gjelda med over ein million kroner, og omlaupsmidlane vart redusert frå 1,8 til 900.000 kroner.

– Ikkje overraskande

Styreleiar Geir Inge Solberg seier at han ser på underskotet som udramatisk, og naturleg for første driftsår.

– 2017 var oppstartsåret vårt. Me starta å brygge sjølv i juni i fjor, så dette var ikkje så overraskande.

– Så alle småaksjonærane treng ikkje vere bekymra for desse tala?

– Absolutt ikkje, det er ingen grunn til å vere bekymra. Me har bra med eigenkapital og har godt med finansiering.

God utvikling i 2018

Solberg fortel at 2018 vil bli eit mykje betre år, og vil spesielt framheve ølsalet i det gode sommarvêret.

– Me er godt nøgd med sommaren. Frå mai og fram til i dag har me hatt ein veldig fin utvikling.

– Betyr dette at de styrer mot eit overskot for 2018?

– Nei, me får nok ikkje noko overskot. Det går nokre år før ein kjem opp i nok inntekter når ein startar ei ny bedrift. Me har planlagt for nokre år med underskot.

Ølutsalet på Kråko i Fitjar har vore ein populær stoppestad i sommar. Foto: ELØ

Brygger for Solstrand Hotel

Solberg fortel at bryggeriet har fått på plass ei rekkje avtalar med lokale serveringsstadar, og trur dette blir viktigare satsingsområde framover.

– Me er begynt å brygge eige øl til Solstrand Hotel i Os. Der held me på med «batch» nummer to, der me produserer 1000 liter om gongen. På samme måte har me levert eige øl til Haaheim Gard på Tysnes. I tillegg har me utstyrt vårt eige øl med ein eigen etikett for Bekkjarvik Gjestgiveri og MS Sunnhordland. Det er med på å løfte merkevaren vår. Dette er kvalitetsaktørar som me set stor pris på å samarbeide med.

Å vekse noko særleg i daglegvaremarknaden i Norge innser Solberg at kan bli utfordrande.

– Me er veldig godt nøgd med samarbeidet med lokale butikkar i Sunnhordland, og særleg på Stord-øya. Der har me ein fin omsetnad. Men 80 prosent av det me sel er i Sunnhordland. Me ser at det tek tid å bli kjent. Me distribuerer til nokre Coop OBS-butikkar i Bergen, og når du er lite kjent er konkurransen stor i ein svær ølseksjon. Me innser at daglegvare må kome sakte men sikkert.

– Me skal bestå!

Marknaden har den siste tida blitt tøffare for mange av dei småskalabryggeria i Norge. Nasjonalt har salet gått ned for dei små det siste året, medan dei store ølaktørane opplevde vekst. Til dømes gjekk Voss Fellesbryggeri konkurs i sommar.

– Me registrerer også at ein del andre har problem, men det er nok knytt til om ein har teke høgde for år med underskot. Ein må ha litt eigenkapital i ryggen for å stå over dei første åra.

– Det er etablert veldig mange bryggeri i landet dei siste åra, og alle dei har jo ikkje livets rett. Men ELØ skal vere eitt av dei som skal bestå, fastslår Solberg.