– Er det planlagt eit truckstop her? lurar tipsar på.

Fitjarposten har fått tilsendt bilete av eit toalett som er blitt ulovleg dumpa ved Longavatnet, sør for Rydlandssaga ved kommunegrensa mellom Stord og Fitjar.

– Sidan toalettet er plassert oppå eit lass med grus, så lurer eg på om det er planlagt eit truck-stopp?

Det skriv tipsaren, som understreker at han håper eigaren av toalettet kan plukka det opp og få det levert på eigna mottak.

Foto: tipsar