21. og 22. oktober oktober skal Commedia Dukketeater i Bergen ha dukketeaterverkstad i barneskulane på Fitjar.

Både Rimbareid, Øvrebygda og Sælevik får besøk som ein del av den kulturelle skulesekken.

– På verkstaden skal ein ikkje spela eller sjå teater. Her er det barna sin eigen fantasi og skaparevne som skal vera i høgsetet, og dei skal få læra å modellera/plastisera fram sine eigne dukkehovud.

Den einskilde klassen vil bli følgd opp med både arbeidsteikningar og ferdig instruerte stykke. Intensjonen med verkstaden er at den einskilde klasse/gruppe skal kunne setja opp og setja i scene eigne førestillingar. Sjølve dukkeverkstaden skal vera som ein «startmotor» for inspirasjon og lyst, opplyser verkstadsleiar Gunnar Borgen Nygård. Nygård arbeider til vanleg som biletkunstnar og har vore ei av drivkreftene i Commedia sidan 1976.