Dagens dugnad i Midfjellet blei avlyst på grunn av skodde og dårlege vêrutsikter.

Dermed måtte rundt 30 idrettsfolk gjera vendereis etter at dei hadde møtt fram i Rimbareidfeltet i 10-tida laurdag føremiddag. I og med at ein god del ungdommar skulle vera med, ville ikkje Fitjar Idrettslag dra til fjells i den tette skodda, og riskera å måtta leita etter folk.

Dugnaden går ut på å rydda vindparken for søppel, som plastposar, emballasje, skyteleidning og ymse plast. For ei veke sidan hadde Fitjar IL rundt 30 idrettsfolk på søppelplukking, og fekk rydda nesten halvparten av det aktuelle området

Til dei som måtte snu i dag, og til andre som ikkje har fått høve til å gjera ein innsats, kan me opplysa at det blir ein ny sjanse laurdag 2. november kl. 10.00. Dermed vil ein kanskje klara resten neste laurdag, iallfall dersom frammøtet er like godt som dei to første gongene.