Foreininga Osternes Festning hadde i går dugnad på festningsområdet. Rundt 25, med stort og smått, tok del.

Arbeidsoppgåva i går handla stort sett om rydding av skog. Etterpå vart det dugnadsbål med pølsespidding og kaffikos. Det vert meldt om gode arbeidsforhold, litt vind, men opphaldsvêr.

– Det heile er gjort muleg gjennom kjempegodt samarbeid med grunneigar, og med støtte fra Fitjar kommune og Kværner Stord, opplyser Odd-Jarl Larsen i foreininga til fitjarposten.no. Han vonar at andre lokale bedrifter med interesse for lokalhistoria vår vil vere med som støttespelarar.

Vidare fortel han at det vil bli organiserte visningsrundar i løpet av året. «Open dag» kan òg bli aktuelt.

Det vert ny dugnad allereie i februar. Dugnadsinteresserte kan ta kontakt med foreiningsleiinga ved Odd-Jarl Larsen eller Ingmund Bjordal for å få invitasjon til kommande dugnadar.