Fredag ettermiddag har ein flokk sterke menn strigla kunstgrasbanen til vinteren.

Til saman har den mannsterke troppen tusenvis av kampar for Fitjar Idrettslag bak seg, men enkelte av dei har nok spelt sin siste fotballkamp. Dei yngste, derimot, har nok hundrevis av kampar framfor seg.

I dag var det ikkje fotballspel, men dugnad som stod på programmet. Det blei samla bos på og rundt banen, to mål blei køyrde bort til Fitjar Mekaniske for sveising, ballsamlarnettet bak mål blei strama opp, og det blei rydda i buskar og kratt på nordsida av banen. Rune Brakedal prøvde seg som notabøtar, men han fortel at det må kjøpast nye nett til våren. To sjuarmål blei flytta ned frå grasbanen, slik at dei er klare til den årlege vintercupen, som blir avvikla 8. og 9. november. I år har den fått namnet Fitjar Kraftlag Cup, fortel Rune.

Denne glade gjengen fekk middag på Fitjar Fjordhotell fredag kveld som løn for innsatsen: Tore Sigurd Fitjar, Øyvind Solli Koløen, Stian Hatlevik, Geir Bjarte Hatlevik, Rune Brakedal, Trond Henriksen, Roger Nesbø, Finn Ingvar Havnerås, Ronald Hareide, Endre Bergesen, Roald M. Nilsen, Mats Brakedal. Altså eit komplett fotballlag med både talent og mykje rutine.