I morgon, laurdag 5. april vert det dugnad i Fitjar kyrkje. Alle i Fitjar er invitert til å vere med, anten ein kan heile dagen, eller delar av dagen. Dugnaden vert uansett avslutta seinast kl. 15.00.

Det som skal gjerast er:

• vask av benker
• støvtørking
• vask av golv og vindauge
• rydding i borna sitt hjørne
• tøma gangen mellom sakristiet og kyrkja
• pussa sølv
• pussa sølvrake og stelle  utvendig

Det heile startar kl. 10.00. Servering av graut og raud saft kl 12.30.