Utan mat og drikke blir det dårleg med teljinga. Foto: Hildegunn Strand

 

Fitjar Racing Team nyttar løpspausen til å samla inn pengar. Denne gongen med å jobba dugnad for Rema 1000.

 

Det er ikkje gratis å driva bilsport, og då er det kjekt å få inn litt pengar gjennom dugnad. I helga stilte Fitjar Racingteam opp med arbeidskraft for å hjelpa Rema 1000 på Fitjar med å gjennomføra vareteljinga. På Facebook har Hildegunn Strand lagt ut fleire bilete frå seansen. Ho skriv: Fitjar Racing Team på vareteljing på Rema 1000. Tusen takk for ein kjempegod dugnadsjobb: Svein Erik Vik, Daniel Kongestøl, Morten Helland, Ole Lønning, Anders Lønning, Kjetil Lønning, Liv Mari Lønning, Mari Lønning, Jonas Lønning, Jonas Heggøy, Terje Heggøy, Ingve Andre Strand, Anders H. Strand, May Linn Kloster, Gisle Aarbø, Kristina Sætre, Oliver Andre Matre, Ailin Vik, Håvard Dalen, Arne Oma Torsen og Eivind Thorland var med på dugnadsjobben. Håper eg ikkje mangler nåken no …