Onsdag 13. og torsdag 14. august vert det dugnad i hagen mellom kl. 18.00 og 21.00 i samband med Håkonarspelet 2014 som skal framførast der i september.

– Det skal byggjast kulissar og scene, ein skal slå gras, raka, klyppa greiner, rydda – og gjera anna praktisk arbeid som vil pynta opp på spelplassen, fortel Harald Rydland, og legg til:

– Alle som har lyst å vera med og gjera ein innsats for å ta vare på arven etter Håkon den Gode og å få det fint i Moahagen, er velkomne til å vera med. Alt etter kva du har lyst til å arbeida med, er det fint om kan ta med: Hammar, sag, kubein, spikrar, slåmaskin, ljå, rive, høygaffel, kantklyppar, ryddesag, hekksaks, spett, slegge eller andre reiskapar du trur kan kome til nytte. Velkommen til Moahagen. Dugnad er både kjekt og nyttig.

Ein kan òg ta kontakt med Harald Rydland før spørsmål, tlf. 913 47 802.

Ingressbilete: Frå Håkonarspelet 2010. Foto: Håkon C. Hartvedt