Jostein Skram møtte fram i Larsen-bygget i føremiddag for å gi startsignal til Wenche Tislevoll og Vigdis Aarre Olsen.

Ved å kaste krone/mynt vart det avgjort kven som skulle velje salsplass. Meininga var at dei to damene skulle selje lodd hos Larsen Spar og Rema i ein halv time og kappast om best resultat. Men Wenche og Vigdis vart samde om å bytte lokale etter eit kvarter. Føremålet med loddsalet er som kunngjort tidlegare, å samle inn pengar til flaumljoset ved kyrkja og Håkonarstøtta. Dette skal innviast i morgon. Ein halv times loddsal resulterte i nesten 6500 kr, og Vigdis Aarre Olsen var klar vinnar. Truleg er det høve til å kjøpe lodd i morgon også når butikkane har søndagsope.

Jostein Skram er initiativtakar til loddsalet som har gått føre seg i mange dagar. Næringslivet og butikkar har vore rause med å spandere gevinstar til ein verdi av 25000 kroner, og det er mange flotte gevinstar. Lotteriet skal trekkjast i morgon. Det var Fitjar Bygdekvinnelag som sette i gang innsamlinga og spanderte 40000 kr til ljos ved kyrkja. Seinare har det meldt seg mange glade gjevarar slik at anlegget kan takast i bruk i advent.

steroidi legali