Fiskesesongen i Kjærelva er slutt om ei veke.

I samtale med grunneigar Frode Fitjar får me høyre at det truleg har blitt fiska mindre sjøaure enn vanleg, utan at det er råd å få eksakte tal. Etter sesongslutt 15. september vert det laga eit oversyn som viser mengde og storleikar. Minstemål på lovleg fangst i Hordaland er 35 cm og fire til fem hekto, største vekt opp til to kilo. Kjærelva er inga lakseelv, men det hender at ein og annan laks vert teken, i storleik ein til sju kilo. Fiskeplassane ligg frå brua og ned til sjøen. Frode Fitjar sel døgnkort til 150 kroner per stykke, og det er enno nokre ledige kort, seier han, og legg til at det vert selt 30 – 40 kort i sesongen. Mange av fiskarane kjem att år etter år.