Eigenberedskapslager. Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

På Fitjar kommune si heimeside kan me lesa om kampanjen «Du er ein del av beredskapen i Noreg», som Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap lanserte denne veka.

Beredskapsansvarleg i Fitjar kommune er rådmann Olaug Haugen. Ho understrekar at det ikkje er ein konkret situasjon verken i Norge eller i Fitjar som er bakgrunn for denne kampanjen.

– Men me ønskjer å vera med og auka bevisstheita om beredskap, seier ho.

Rådmann Olaug Haugen er beredskapsansvarleg i Fitjar kommune. Foto: FP-arkiv/HJS.

Ho legg til at kommunane får tettare og tettare oppfølging frå Fylkesmannen for å testa beredskapen sin. Og den tredje veka i januar kvart år er ei beredskapsveke for Fitjar kommune. Den vil dei nytta til å systematisera arbeidet og halda beredskapsøvingar, fortel rådmannen. Dette arbeidet blir ikkje retta mot «sivilbefolkninga» i Fitjar, men vil bli avgrensa til kommuneadministrasjonen, skulen og helsevesenet.

Den nasjonale kampanjen som blei lansert denne veka, blei ikkje utløyst av nokon konkret situasjon. Fitjar kommune ønskjer at den enkelte skal tenkja gjennom om me er førebudde på ulike situasjonar, seier rådmann Olaug Haugen. Ho nemner ekstremvêr eller cyberangrep som døme på forhold som kan truga vitale samfunnsinteresser. Då er det viktig at flest mogleg kan klara seg best mogleg utan hjelp.

– Kva gjer du dersom straumen skulle bli borte i fleire dagar, mobilnettet sluttar å verka eller det ikkje er vatn i springen? er sentrale spørsmål som Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap stiller på nettsida der dei lanserer kampanjen «Du er ein del av Norges beredskap».

Kampanjen inneheld konkrete råd om kva du kan gjera for å førebu deg om noko skulle skje med kritiske samfunnsfuksjonar som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp.

– Ver førebudd på at du og din familie kan klara dykk sjølve i minst tre dagar, sier direktør i DSB, Cecilie Daae.

www.sikkerhverdag.no finn du råd og konkrete forslag til hva me alltid bør ha i heimane våre. Brosjyren Du er ein del av beredskapen i Noreg inneheld opplysningar om det du treng for å klara deg i tre dagar; om mat, drikke, varme, legemiddel og førstehjelp, hygiene og informasjon.

– Når samfunnet blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av
beredskapen i Noreg, skriv DSB i brosjyren.

Lytt til beredskapskanalen NRK P1 på ein batteridriven DAB-radio. Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.