Lions har sendt oss eit lesarbrev om Røde Fjær-aksjonen. Det kan du lese nedanfor.

Støtt Lions Røde Fjær! Støtt Lions førebyggjande arbeid for born og unge!

Lions Club Stord Fitjar vil i perioden 2-8.februar ha aktivitetar og bøsseberaraksjon for å samla inn pengar til Stiftinga Det er mitt valg.
Laurdag 7. februar vil du møta bøsseberarane når du gjer helgehandelen, og du vil også møta dei på ferjekaien på Sandvikvåg.

Lions Røde Fjær 2015 skal samla inn pengar for å styrkja prosjektet MITT VAL og gje barn og unge over heile Norge moglegheiten til å delta i programmet som er gratis for barnehagar og skular. MITT VAL er et undervisningsprogram som skapar et trygt og godt læringsmiljø og er førebyggjande med omsyn til problemadferd som mobbing og rusmisbruk.

Skular i Fitjar kommune har brukt programmet MITT VAL med gode resultat.

På førehand tusen takk for at du tek imot bøsseberarane, og takk for di støtte til Lions Røde Fjær! 

Det er betre å byggja born enn å reparere vaksne!

 

Helsing

Lions Club Stord Fitjar på vegner av Lions Norge