DS Stavenes og Bård Sørestrand Andersen ved Dåfjorden Slipp er gamle kjenningar. Foto: Kjetil Rydland.

Fredag 2. november kom det over 100 år gamle dampskipet Stavenes til Dåfjorden Slipp for meir restaureringsarbeid, og då blir det gjensyn for gamle kjenningar.

No ligg DS Stavenes ved Dåfjorden Slipp for å skifta ut stålplater i skroget. Det skal sveisast inn nytt stål der det er dårleg stål i platene. Bård Sørestrand Andersen ved «Vervet» fortel at det helst skal klinkast, det blir sveist i denne omgang.

– Veteranbåtar skal klinkast! seier Bård S. Andersen, som her viser fram klinkemaskinen sin. Foto: Kjetil Rydland.

Det stolte, gamle dampskipet frå 1904 og unge Bård Sørestrand Andersen er gamle kjenningar. Bård fortel at det var på dette skipet han debuterte under klinking for fire-fem år sidan. Den gongen var det Bård sin jobb å halda på motholdet medan ein kollega opererte den trykkluftdrivne klinkemaskinen. Etter kvart har Bård komme seg på motsett ende av hammaren!

Det var førre fredag DS Stavenes kom tilbake til Dåfjorden Slipp. Turen frå Skjøndal Slipp i Bergen tok fem timar, og gikk heilt problemfritt. Følgjebåt var veteranskipet Gravin, som gjekk vidare til Sagvåg.

– Det var første gongen eg såg han går for eigen dampmaskin! seier Bård Andersen og vedgår at det var ei god kjensle.

DS Stavenes blei levert frå Bergen Mekaniske Verksted i Solheimsviken, og gjekk i rutetrafikk i Sogn og Fjordane frå 1. september 1904. Båten har blitt bygd om fleire gonger, og dampmaskinen blei skifta ut i 1954. Skipet var i rutetrafikk for Fylkesbaatane fram til 2. januar 1972. Dei har fjerna dieselmaskinen, og for eit par år sidan fekk dei på plass igjen ein tre sylinders dampmaskin, som går på kol. Bård fortel at han har vore med og bygd nye kolbakstar, for dei var fjerna då dei skifta til dieselmotor.

Tidlegare i år har den unge eksperten frå Dåfjorden Slipp vore i Bergen og arbeidd på DS Stavenes saman med folk frå Bergen Group. Dei har skifta rennestein, hudplater og skansekledning, og alt er klinka. Og sjølvsagt er det tett!

No skal båten snarast på slipp i Dåfjorden, slik at dei får skifta platene under vassflata. Meir er det ikkje midlar til i år. Men til liks med eigaren Veteranskibslaget Stavenes vonar Bård at det etter kvart blir midlar til å setja skipet i best mogleg stand.

- Annonse -

Tilskot frå Riksantikvaren er avgjerande for kor mykje dei får gjort. Ifølgje nettsida til veteranskipslaget er målet eit ferdig restaurert dampskip.