Ingen av oss kan unngå å merka at bøndene spreier kumøk for tida, men i dag gjekk det drit, fortel Karl André Rydland i ein SMS til fitjarposten.no.

Det var under møkaspreiing i eit ulendt beite uhellet var ute. Lars J. Rydland pumpar møk frå den nye, store møkasiloen på 2000 kubikkmeter 700 meter nordover i beitet sitt. Ved «kjelda» står ein nabo og pumpar møka ut av siloen vha. ei lita møketankvogn og inn i leidningnettet, som endar i ein møkaspreiar som Lars opererer. Dei har kontakt via berbar radio for å melda frå når det er klart til å setja på trykket, eller ev. uhell.

Lars J. Rydland hadde slept spreiaren ut i beitet og fått sett på trykket då det gjekk drit. Når terrenget er ulendt, går han og leier spreiaren for hand. Under denne operasjonen velta spreiaren då operatøren var litt uoppmerksam. Dei fleste av oss ville nok ha ropt i nød heim til basen og bedt naboen om stoppa pumpa. Men Lars liker dårleg å gi seg på tap. I alle fall sa ikkje Lars frå til basen, men gjorde det han kunne for å få spreiaren på rett kjøl att. Og i kampens hete kom han borti ein krane under spreiaren slik at han fekk full sprut i brystet.

Det er ikkje så godt å sjå på biletet, men det er Lars J. Rydland i Rydland Storfe som skjuler seg bak all kuskiten. Heile mannen var dekt av gylle; naboen Nils K. Rydland seier han ikkje såg anna enn kuskit, bortsett frå dei kvite tennene.