Svein Olav Raunhold kledd for omframt årsmøte.

Natt til onsdag vart det avvikla omframt årsmøte på Tindaslottet i nydeleg vintervêr.

5 karar gjekk opp frå Raunholm i går ettermiddag. Turen oppover var ein opplevelse. Naturen var pynta i kvitt med eit raudleg skjer over vesthimmelen. Etter nokre timar hardt slit var me oppe, og etter ein time med vedfyring var det 25 grader C i hytta.

Årsmøtemenyen var variert. Reker, laks og salat til forrett. Deretter pølse (Heimelaga av Arnhild Jordan. Hjort, lam og spekk) poteter og kålrabistappe. Til dessert hadde me karamellpudding, kransekake og kaffi. I tillegg hadde me med god drikke.
 
Etter maten var me ute og opplevde eit fantastisk måneskinn. Det var heilt stille slik at eit stearinlys brann ute heile natta.
 
Årsmøtet vart sett kl. 22.30. Følgjande vart bestemt:
1. Me støttar alle vedtaka til det ordinære årsmøtet.
2. Me vil arrangera ein overnattingstur i telt til Tindane i juni/juli (kosetur for alle interesserte). Då må   grillstaden nordanfor hytta vera klar…
3. Utedoen treng ein liten levegg mot aust. Det var ein litt kald trekk opp i «systemet».
   
Utover kvelden og natta spela me kort og me løyste ein del lokale og internasjonale problem. Kl. 03.05 var det ro i hytta.
 
Helsing
 
John Karsten Raunholm
Svein Olav Raunholm
Gunnar Mehammer
Svein Egil Eide
Nils Ove Eidsnes

Svein Olav Raunhold kledd for omframt årsmøte.

Godt kledde strandarar frys ikkje.
Godt kledde strandarar frys ikkje.

Kaldt før sola stod opp.
Kaldt før sola stod opp.

Upåklageleg utsikt nordover fjorden i går kveld.
Upåklageleg utsikt nordover fjorden i går kveld.