– Alt blei svart av drevje frå to kartar som låg halvmeteren lenger framme, og eg måtte berre sleppa gassen, fortel Ingve André Strand til fitjarposten.no.

Han fekk full stopp etter berre 50 meter i søndagens finale. Dermed var draumen om ein NEZ-tittel over for Ingve, som kom godt ut i starten. Han hadde fjerde beste startspor etter ein solid heatsiger søndag morgon, og etter å ha blitt uplassert i det siste innleiingsheatet.

Under siste innleiingsrunden hadde forholda begynt å bli svært vanskelege i regnveret, som gjorde banen til eit stort gjørmehol. Ingve var ein av fleire som miste sikta heilt under svært vanskelege forhold, og av at brillene ikkje fungerte som dei skulle. Dermed kom ikkje Ingve til mål i det heile; han måtte kjøra ut då han til slutt ikkje såg nokon ting. Blant dei som hadde same problemet, var to andre favorittar. Lukas Walfridson kjørte av banen ein runde for tidleg, fordi han trudde han var i mål og hadde vunne heatet. Thomas Lohne følgde på til noko som han trudde var ein andreplass i heatet, og dermed gjekk Jack Fjelstad fram og vann.

Etter møte mellom spelarane og juryen blei det bestemt å korta ned finalen med ein runde. Og pga. dei dårlege siktforholda blei det bestemt at dei som kjørte utan briller, ville bli diskvalifiserte. Under dei rådande forholda var 4. beste startspor ein bra utgangsposisjon for Ingve. Han kom godt ut og avanserte opp i ryggen på dei som låg fremst. Men så blei altså alt svart, fortel han, og Ingve måtte berre sleppa gassen. Han kom litt på skrå, det same gjorde ein av konkurrentane, og dermed blei dei sitjande fast i gjørma fleire sekund, medan dei skarpaste konkurrentane stakk av garde.

I mål måtte Ingve nøya seg med ein åttandeplass, langt bak Lukas Walfridson, som vann dagens finale føre Espen Ytreland Ruud frå Geilo, og svensken Per Bjørnson. Dermed vann sistnemnde NEZ samanlagt, med Walfridson og Lohne på dei neste plassane. Ingve André var naturleg nok ikkje heilt nøgd etter dagens sjanseseglas i den danske sanden. Men slik er motorsport; det skjer gjerne eit og anna uhell, og denne gongen råka det Ingve. Og med andreplass i NM og fjerdeplass i NEZ seier Ingve seg bra fornøgd med sesongen. Men han lovar ein kraftig revansje neste år.