Under laurdagens runde i vestlandsmeisterskapet i rallycross i Bergen velta Paul Vik i volvoen sin, og måtte nøya seg med 4.-plassen.

Etter glimrande resultat tidlegare denne sesongen kunne Paul Vik ha festa grepet om samanlagtsigeren i vestlandsmeisterskapen i går. Og det såg lenge lyst ut i gårsdagens A-finale på Eikåsbanen i Åsane. Paul tok starten suverent, og leia i vel to rundar, men så kom han borti ein konkurrent. Og brått rulla bilen rundt, og gjekk kast i kast bortover i stor fart.

Heldigvis var føraren like heil etter det kjedelege uhellet, men det kan ikkje seiast om bilen. Den var ein sterkt prega Volvo som blei teken imot på Rydland laurdag kveld. Der stod eit stort korps frå Fitjar Racing Team klar til å ta seg av den ille medfarne bilen. Det bar rett inn på «operasjonsbordet» i verkstaden til Ole Vidar Helland. Her blei han strippa for lause og enkelte faste delar, og i morgon startar arbeidet med å få bilen i stand igjen til neste løp.

No er det berre ein ting som gjeld for Paul Vik, å få bilen startklar til avslutningsrunden i vestlandsmeisterskapen. Den går av stabelen i Vikedal om to veker. Der bør nok Paul vinna for å sikra seg VM-tittelen. Han kunne sikra seg eit god grep om tittelen med eit godt resultat i Bergen i går, men no er alt ope.

Den andre Fitjar-føraren som køyrde i Bergen igår, var Jonas Koløen Lønning i bilcross. Han har hatt eit fint oppsving i det siste, og seier seg godt fornøgd med helga. Han nådde C-finalen, og greidde nesten å klora seg til B-finalen. Andreplass i C-finalen, og 10.-plass totalt er eit flott resultat for Jonas.

Laurdagskvelden på Rydland blei avslutta med videoframsyning i verkstaden. Her kunne ei stor samling av racingteamet sine medlemmer «nyta» den dramatiske velten til Paul. Dei fekk og sjå Jonas kjempa om ein plass i B-finalen, utan å lukkast heilt.


Jonas Lønning og Oliver Matre i full gang med å strippa Paul Vik sin Volvo for lause delar. Foto: Kjetil Rydland.